GRØNT: Gamle Oslo vil tilrettelegge for meir landbruk og dyrking i byen.

No skal kvar blomsterkasse utnyttast i Gamle Oslo

Rådgivar i Bymiljøetaten meiner det er ei aukande interesse for eigen dyrking av mat i byen.

Publisert Sist oppdatert

Byrådet ønskjer at Oslo kommune skal vere internasjonalt leiande i å ta i bruk urbant landbruk. Bymiljøetaten bruker handlingsplanen "Spirende Oslo" i arbeidet med å tilrettelegge for ein grønnare og meir skapande by med plass til alle. Urbant landbruk vil i denne samanhengen bety biologisk produksjon av mat og nytteprodukt i urbane omgjevnader, men kan også inkludere plantedyrking, birøkt, akvakultur og husdyrhald.

Inspirerer bybefolkninga

Urbant landbruk er betydningsfullt for å spreie kunnskap om matens opprinnelse og å bidra til lokal matproduksjon. Dessutan skaper det sosiale møteplassar som kan ha betydning for matkultur, entreprenørskap, folkehelse osv. Strategiplanen har fem hovudmål: ein grønnare by, kortreist mat, spirande møteplassar, grønne læringsarenaer og ein samarbeidande kunnskapsby.

Anne Beate Hovind, styreleiar i Foreningen Losæter, har vore involvert i skapinga av kommunens strategiplan. Losæter er ei sæter midt i byen dedikert til urbant jordbruk og kunst. Her finst eit pulserande liv som består av mellom anna åkrar med urkorn, levande matjord, grønnsaksbed, eit offentleg bakehus, kompostering. Losæter held til i Gamle Oslo og er eit kunstprosjekt som har vart i åtte år. Hovind forklarer at Losæter er eit eksempel på urbant landbruk som kan vere til inspirasjon for bybefolkninga.

– Vi har mange mål med Losæter. Kunstprosjektet har utvikla seg til å bli permanent og no er det Oslo kommune som driftar det. Det skal vere ein permanent demonstrasjonsgard for urbant landbruk. Vi har vore veldig involvert i den strategiplanen kommunen har for urbant landbruk; både inspirert til den og kanskje vore litt medvirkande til at den har blitt skrive.

Meir aktuelt etter Corona

Hovind fortel at det i perioden med coronaviruset ser det ut til at urbant landbruk er blitt meir og meir aktuelt. Dette gjeld særleg urban dyrking og brødbaking. Ho trur absolutt at folk blir inspirert til å drive eigen matproduksjon og planting og at folk blir meir og meir inspirert til dette.

Handlingsplanen blei oppretta i 2019 og skal vare fram til 2030. Hovind har klare bilete på korleis ho ønskjer at Oslo skal sjå ut i 2030.

– Eg meiner verkeleg at mange av dei døde plenane rundt om i Oslo er dyrkbare. Kanskje kan ein også ta opp igjen nokre av dei dekkene ein har lagt, asfalt og slikt, og plante fleire tre og buskar. Vi treng også fleire ulike typar vekstar slik at ein hjelper forskjellige insekt å leve. Meir natur inn i byen.

Skaper møteplasser og læringsarenaer

Romy Katherine Ortiz, Bymiljøetatens rådgivar for urbant landbruk, peiker på det sterke engasjementet for urbant landbruk blant Oslos befolkning, spesielt dei siste ti åra.

– Før handla det stort sett om parsellhagar, kolonihagar og skolehagar. No har vi mange ulike typar prosjekt, alt frå dyrkekassar mellom blokkene på borettslagene, felleshagar, andelslandbruk, takhagar, til innandørs dyrkeprosjekt.

Bydel Gamle Oslo er også med på dei kommunale prosjekta der ein utforskar det å bruke urbant landbruk for å løyse kommunale oppgåver. Her vert urbant landbruk brukt for å skape gode møteplassar, arbeidstreningstiltak og som læringsarena i barnehagar.

Ønskjer god tilrettelegging

Ortiz seier at dei på generell basis har observert ei auka interesse for å dyrke mat heime, spesielt er fleire interesserte i andelslandbruk. Bymiljøetaten ønskjer i den grad det er mogleg å tilrettelegge for aktivitet tilknytta urbant landbruk. Ho seier at det nok er mange som er takknemlige for at kommunen no er på banen. Dei ser eit stort engasjement gjennom stor søkarmasse i tilskot til urbant landbruk – ei tilskotsordning som skal dele ut to millionar i 2020 for å bidra til auka kunnskapsutvikling og meir landbruksaktivitet i Oslo.

Powered by Labrador CMS