Uncategorized

Mote til besvær

 

 

 

 

 

BEKYMRA FOR FRAMTIDA: Fellesnemnaren for desse tre kvinnene er at dei alle deler same mål – ei bærekraftig endring i moteindustrien!
(F.v.: Ingrun Grimstad Klepp, , Mari Grinde Arntzen,  og Sara Fosstvedt)

 

Onsdag 04. Februar arrangerte Studentersamfunnet i Bergen debattmøtet ”Ille til mote” på Kvarteret. Der ville dei setje fokus på problema moteindustrien skapar, og mogelege løysingar på desse.


 

Ingrid Louise Birkeland Skorpen

 

 

  • Å velje mellom bomull og olje er som å velje mellom pest og kolera!

Med desse sterke orda opna Ingun Grimstad Klepp, forskingsleiar ved Statens senter for forbruksforsking, debattmøtet arrangert av Studentersamfunnet i Bergen.

Ho, Mari Arntzen, forfattar av boka Kleskoden og Sara Fosstvedt, gründer bak klesmerket Age of Enlightenment var komen for å diskutere kva moteindustrien gjer med miljøet, og korleis ein kan betre dei bitre konsekvensane av det.

 

 

Tekstilproduskjonen meir problematisk enn matproduksjonen

  • Det er ingen reglar for kva ein kan putte i kleda våre!

Ingun meiner det svært problematisk at kledeindustrien ikkje har dei same restriksjonane matproduksjonen har.
Det er til dømes krav om innhaldsfortegning på matvare, men for kleda du har på deg er det ei heilt anna historie.
Ho kan fortelje at så mykje som 2/3 av all bomull som blir produsert er genmanipulert, og har ei heil rekkje skadelege kjemikalie i seg. Dette fins det ikkje informasjon om på merkelappen.

 

Vil snu trenden

  • Eg tenkte at eg aldri ville inn i denne jævla bransjen igjen!

 

Dette var Sara Fosstvedts tankar då ho, etter mange år i kledebransjen fekk nok av det ho kallar ein svinesti av ein industri.
Nokre år seinare kom ho og Erlend Christoffersen opp med ideen om å skape eit merke som var meir berekraftig enn dei ho tidlegare hadde vore borti. Dette vart seinare kalla ”Age of Enlightenment” etter opplysningstida, og har eit tett samarbeid med Fair Trade.

Deira hovudmålgruppe er det typiske ”skjortefolket”, altså forretningsmenn, ingeniører og finansfolk.

Ynskjer lovpålagte krav

 

  • Eit av dei store problema er at vi som forbrukarar ikkje veit kva som er giftig, seier Mari Arntzen.

Dette er eit av fleire konkrete tiltak debattørane ynskjer frå myndigheitene.
I tillegg vil dei ha innhaldsdeklarasjon av kjemikalie på kleda, informasjonskampanjar som liknar den mot parabener, og lovpålagte krav om auka levestandar for arbeidarane, samt at det som ikkje er lov å produsere i Noreg, ikkje burde vere lov å selje i Noreg.

 

Mote går aldri av moten

 IMG_5550
TEMA SOM ENGASJERER: Anna Wåge og Marius Abrahamsen er begge einig i at kvalitet og miljø er tema som engasjerer dei fleste.Klede er jo noko alle går med, så derfor sluttar det ikkje å engasjere, seier leiar for kultur i Studentersamfunnet, Marius Abrahamsen.

 

Både han og Anna Wågen er einige om at det er viktig å skape bevisstgjering rundt dette høgt aktuelle temaet.

Av denne grunn vart det derfor mote på agendaen då Studentersamfunnet skulle arrangere møte.

Dei pleiar å ha om lag ti møte i semesteret, og tema blir til under idémyldring.

  • Det var ganske tilfeldig at det blei dette tema og desse gjestane, seier møteleiar Anna Wågen.

Ho var ei av dei som vart interessert i temaet, og begynte å søkje etter informasjon på nettet. Der fann ho Mari Arntzen si bok om problematikken rundt moteindustrien, og gjekk rett på biblioteket for å låne den.

Arntzen aksepterte førespurnaden om å kome til Bergen dagen etter Anna sendte mail, og dei andre debattørane kom etter kvart, som perler på ei snor.

Mest lest

To Top