Uncategorized

Vil skape fleire jubelbrøl

Etter fjorårets opprykk er Åsane i gang med sesongoppkøyringa. No er dei klare til å yppe med storebror. 

Kristian Helle (tekst)
Erik Madsen/Åsane Tidende (foto)

– Det at Brann rykte ned syns eg i utgangspunktet er kjedeleg, og ikkje minst synd for fotballen i Bergen. Men reint egoistisk vil det nok vere positivt for både oss og Nest-Sotra når det gjeld mediedekning og interesse, seier Åsane-spiss Niklas Lerpold og vedgår samstundes at han er Brann-fan.

– Om eg skal velje eit lag som eg vil skal rykkje opp, bortsett frå Åsane, så er det sjølvsagt Brann. Men eg må også innrømme at interessa for Brann eigentleg har dalt litt dei siste åra, seier Lerpold.

c385sane20fotball20nett__t1

NY DUELL: Niklas Lerpold (Åsane) og Øystein Aksnes (Nest-Sotra) møttest i fjor til treningskamp. I år ventar to seriekampar mellom desse laga. Foto: Erik Madsen/Åsane Tidende

Offensiv måljeger

Han og klubbkameratane i Åsane er godt i gang med oppkøyringa til comebacksesongen i 1. divisjon, eller OBOS-ligaen som den no heiter.

– Vi har lagt oss på fem-seks økter i veka, noko som er om lag ei økt meir enn vi hadde i fjor. Vi merkar at det er eit steg opp, men vi er ein ung og motivert gjeng så det trur eg dei aller fleste er fornøgd med, seier Lerpold, som i fjor blei toppscorar i 2. divisjon med 19 mål.

– Eg har ikkje satt meg nokon personlege mål når det gjeld tal scoringar i år, men om eg skal vere offensiv så får vel eg seie 15 scoringar kanskje, seier den tidlegare Arna Bjørnar- og Fana-spissen, og ser fram til å endeleg få teste seg på den nest øvste nivået i Norge.

– Eg gledar meg veldig til å få prøve meg i OBOS-ligaen, og meiner absolutt at eg har noko å komme med der. Eg har stor tru på at både eg og laget kjem til å få ein god sesong og at vi kjem til å vise at vi fortenar å vere i divisjonen, seier storscoraren frå Arna. Sjølv om Lerpold er optimistisk på Åsane sine vegne før sesongen, er han likevel realistisk.

– Når det gjeld ambisjonar har vi i spelargruppa ikkje kome fram til ei endeleg målsetting enno, men som nyopprykka lag vil eg anta at det mest realistiske vil vere å halde seg i divisjonen, meiner Lerpold.

– Kan slå positivt ut

Trond Bjørndal er sportsleg leiar i Åsane, og han støttar Lerpold om kva som er mest nærliggande å håpe på for den nyopprykka bydelsklubben.

– Vi må vel vere så audmjuke å seie at vi vil vere fornøgde om vi held oss. Men om eg kjenner spelarane og trenar Kjetil Knutsen rett, har dei nok trua på at dei kan ta poeng i kvar einaste kamp, seier Bjørndal.

Framfor årets sesong har Åsane forsterka seg med spelarar som Kevin Dure og Kjetil Kalve. Trass i desse signeringane vil det ikkje bli storinnrykk inn porten på Myrdal Gress.

– Det har med økonomi å gjere. Vi er ein liten klubb som ikkje har den beste økonomien. I OBOS-ligaen må spelarane ha proffkontrakt, i tillegg til at vi må betale utdanningskompensasjon. Det kan få konsekvensar økonomisk for oss, seier den sportslege leiaren og legg også til at han har stor tiltru til spelartroppen.

– I tillegg har vi ein del unge, ubeskrivne blad som eg trur kan få sitt gjennombrot denne sesongen, seier Bjørndal.

Etter å ha vore suverene i 2. divisjon, der ein fantastiskhaustsesong la grunnlaget for opprykk, ventar no ein ny kampkvardag.

– Eg kan aldri sjå for meg spelarane blir «starstrucked» av å møte lag som Brann. Det vil heller slå andre vegen trur eg. Det kan samanliknast litt med når vi har møtt antatt svakare lag då. Det fører til at tenningsnivået hos underdogen blir endå høgare, og det trur eg kan slå ut positivt for vår del, meiner Bjørndal.

stueland1sogndal

MØTER SOGNDAL: Åsane hadde besøk av Sogndal i 2. runde i cupen sist sesong. Då vann sogndølene 2-0, men i år kan Åsane få revansje i serien. Her er Åsane-spelar Marcus Stueland i duell med bergensaren Kristoffer Stephensen og noverande Brann-spelar Azar Karadas. Foto: Erik Madsen/Åsane Tidende

Vil vere foran Brann

Åsane har spelt to treningskampar så langt i oppkøyringa. Etter å ha slått 3. divisjonsklubben Sotra med hockeyresultatet 7-4, vart det tap 1-3 for divisjonskollega Nest-Sotra. Framover vinteren ventar fleire treningskampar, mellom anna på treningsleir på La Manga og i Tyrkia.

6. april startar OBOS-ligaen. Då kjem ein annan nyopprykka klubb, Levanger, på besøk. Samme dag spelar Brann bortekamp mot Fredrikstad.

– Vi må no ha såpass høge ambisjonar at vi satsar på å vere den beste bergensklubben etter 1. serierunde, seier Bjørndal humoristisk.

Mest lest

To Top