Uncategorized

Studentane negative til auken

Sterke reaksjonar frå studentar når prisane på kollektivtransport auka 1. februar.

Tekst og foto: Marita Saue Hamre

For brukarane som nyttar seg av 180-dagarsbillett må dei betala 400 kroner meir for fem soner frå og med 1. februar. Prisnivået aukar blant anna på nattbillett og halvårskort, óg.

– Det er allereie dyrt nok med kollektivtransporten, påstår Hege Skjoldli, student ved Høgskulen i Bergen.

Ho nyttar seg av tilbodet nesten kvar dag, og synast det er keisamt med auke i prisen på kollektivtransport i Bergen.

– Eg forstår at dei ynskjer å tena pengar på nattbilletten, men eg meiner at dei som allereie har kort skal få det gratis, seier Skjoldli.

Vidare fortel ho at fleire kjem til å vurdera anna transport framfor kollektivtransport.

– Alternativet er å gå til byen, men det hadde tatt meg vertfall 40 minutt ekstra kvar veg. Elles er sykkel eit godt framkomstmiddel, forklarar studenten.

Skjoldli bur rett ved stoppet til bybanen, og fortel at fleire snik seg inn på banen utan å betale for seg.

Avhengig av kollektivtransport

For student Heidi Stenmark som bur i Åsane er det ikkje noko anna alternativ enn buss til skulen.

– Eg må ta buss for å komma meg til byen, så for meg er det veldig synd. Pengane frå stipendet går meir til kollektivtransport enn andre ting, då, trur studenten.

Studentane er einige i at prisen for månadskort skulle inneheldt turen heim om natta, òg.

– Prisen hadde vore grei, dersom det var inkludert nattbuss. Elles kunne enkeltbillettane vore billigare, stadfestar 20-åringane.

Ei auke på 400 kroner for 180-dagarsbilletten er mykje i lengda for dei som nyttar seg av det tilbodet.

– Det er heilt sjukt!

Rune Grønås bruker Skyss sitt tilbod kvar dag for å komma seg til jobb. Han fortel at det kan bli lite pengar att per månad når prisane aukar.

– For meg vil det påverka økonomien veldig. Det skal ikkje så mykje til før ein merkar det på eit allereie planlagt budsjett, fortel Grønås.

To alternativ

Dyrare å kjøpa billett hjå Skyss etter 1. februar.

Dyrare å kjøpa billett hjå Skyss etter 1. februar.

Fylkestinget vedtok saman med budsjettet i desember at billettprisane hjå Skyss skulle auka.

– Me hadde to val, enten kutta i tilbodet når det gjeld bussruter eller ein auke i billettprisane. Då tenkte me at det er verre for brukarane å mista ruter enn å betala meir, opplyser fylkesordførar Tom-Christer Nilsen.

Inntektene har ikkje auka for kollektivtransporten, difor må billettprisane opp.

– Nettokostnadane stig, og me får ikkje inn nok inntekter som dekkjer kostnadane. Det er ein måte å få inn meir pengar på, fortel Nilsen.

Eit politisk spørsmål

– Drift av kollektivtrafikk er kostbart. Finansiering er eit spleiselag mellom dei reisande og det offentlege, forklarar kommunikasjonsrådgjevar i Skyss, Ingrid Dreyer.

Det er Fylkestinget som bestemmer kollektivtakstane. Dei fattar vedtak om det årlege i forbindelse med budsjettbehandlingen i desember.

I starten forventar Dreyer ein del respons på dei nye prisane. Skyss har i tida før prisendringa prøvd å nå ut til brukarane slik at flest mogleg skal få med seg endringa.

Sjå fullstendig oversikt over prisane her.

Mest lest

To Top