Kultur

Kokken som berre lagar god ishockey

Kåre Nordahl Østensen (73) har spelt ishockey heile livet. Han har 63 sesongar som aktiv spelar bak seg, og han har ingen planar om å slutte med det første.

 

Langs ei stille og rolig gate i eit villaområde på Hasle ligg huset til Kåre Østensen. Dette huset har han budd i sidan han blei fødd under krigen. Så snart døra er opa nok, er armen i handhelsingsposisjon. Han er i bar overkropp, for han skal nyte kvar ein solstråle også denne våren. På veg inn i hagestua haltar han litt, for dagens første trening er allereie gjennomført.

 

Kåre snur seg og peiker ut vidauget.

– Hockeykarriera begynte bak det bygget der, seier han.

Der låg i gamledagar idrettsplassen til Hasle ski- og fotballklubb. Der spelte han fotball om sommaren og ishockey om vinteren.

– Eg har spelt ishockey så lenge eg kan hugse. Eg vil tru eg var rundt fem år då eg begynte. Men karrieren som keeper begynte ikkje før i tiårsalderen. Då var det ein Hasle-gut som trengte ein keeper til ei turnering, så han spurte meg. Eg sa ja, og det gjekk så bra at eg har blitt ståande framfor målet sidan.

73-åringen har nett kome heim frå hockeyturnering i Finland. Der har han spelt med veteranlaget Oslo Oilers. Denne gongen hamna dei på 2. plass, med 3-4 tap i finalen. I løpet av den 63 år lange hockeykarrieren har han spelt for mange forskjellige hockeyklubbar, blant anna Tigers, som seinare blei til klubben Frisk Akers.

Bak seg har han 61 offisielle landskapar for Norge, og tre vinter-OL.

– Det største eg fekk vere med på i karrieren min er nok OL. Slik trur eg det er for dei fleste idrettsutøvarar. Det er noko heilt spesielt med det å få lov til å representere sin eigen nasjon i dei olympiske leikar.

 

Kåre Kokken

Kåre er også kjent under namnet ”Kokken”. Dette kallenamnet fekk han av dei eldre ”hockeygutta” når han var ung, og det heng med han endå.

– Dei større ”gutta” gav alltid kallenamn til dei nye første gong ein kom for å spele hockey. Kallenamna var ofte basert på utsjånaden, oppførsel eller eller andre karakteriserande trekk. For meg var det namnet mitt. Du skulle nesten tru eg fekk namnet ”kokken” fordi eg anten var god eller dårleg til å lage mat, men slik var det altså ikkje.

– Ishockeyen har alltid vore det viktigaste. Ein slags raud tråd gjennom heile livet mitt. Eg har også fått oppleve mykje eg elles aldri ville gjort. Eg har fått reise mykje, og sett og opplevd store delar av verda, i alle fall i Europa og Amerika. Men det eg syns har vore endå kjekkare, er å få møte så mange forskjellige menneske.

Kåre trener tre dagar i veka, og har ingen planar om å slutte med det.

– Ishockeyen kjem eg til å halde på med så lenge eg kan. Sjølvsagt må det jo ta slutt ein gong, men med mindre det kjem noko akutt som gjer til at eg fysisk ikkje klarar å spele hockey vil eg halde fram.

 

Tapte framfor kronprinsen

– Eit av dei sterkaste minna er frå prøve-OL i Innsbruck. Vi hadde trena heile sommaren og var i knallform. Så skulle vi spele kvalifiseringskamp mot Sveits, og vi følte at vi var godt førebudde og i god nok form til å vinne. Men vi hadde heilt gløymt å førebu oss mentalt. Eg gløymer det aldri, for heile laget var i ferd med å gå i oppløysing. Vi vart heilt forstyrra i garderoben før kampen. Det satt 7000 tilskodarar, kronprinsen var der og det heile var veldig skremmande. Det ende jo sjølvsagt med at vi tapte, og det syns eg var så forferdeleg, eg var heilt knust. Dagen etterpå var eg ute og jogga med ein lagkamerat, og vi braut begge ut i tårer.

Ein landskamp på 60-talet i Øst-Tyskland sit også som spikra i minnet. Laget vart forseinka, og kom ein time for seint til arenaen. Publikum hadde begynt å gå. Men kampen vart sett i gang. Midt under kampen begynte publikum å hyle og skrike. Kåre begynte å kjenne gynging, så han trudde kanskje han var blitt dårleg. Han såg ned mot isen. Der rann det vatn under skøytespissane. Kåre snudde seg og såg at vatnet steig meir og meir, isen hadde sprukke. Han kom seg av isen så fort han berre kunne. Først då blir laget fortalt at dei spelte på eit symjebasseng.

 

Alltid på farta

Han har mange slike historier. Både frå karrieren som hockeyspelar, men også frå han var ung. Kåre har alltid vore litt rastlaus. Heilt frå han var ein liten gutunge har han fylt kvar ein time med aktivitet.

– Når eg var ung var eg alltid på farten. Det første eg gjorde når eg kom heim frå skulen var å springe opp til idrettsplassen. Eg hadde jobb frå eg var ganske ung, så det var eg og opptatt med. Men sporten kom alltid først, den var viktigast.

– Hadde ikkje det vore for familien min trur eg aldri at eg ville klart å bli ein suksessfull hockeyspelar. Dei var alltid ei vesentleg støtte. Faren min døde i 1971, berre 62 år gammal. Det tok litt tid før eg innsåg at ein viktig vegg i livet mitt var blitt vekke, før eg skjønte at han betydde veldig mykje for meg. Dette verka så sterkt inn på meg at eg mista konsentrasjonen når eg spelte. Det var rett og slett så tungt at eg måtte ta ein pause, og slutta i eliteserien. Men det var aldri slik at eg vurderte å slutte. Eg la aldri utstyret på hylla.

 

Eige museum

FØR: Første maska Østensen hadde.

På hyllene i kjellaren har han han bokstavelig talt lagt hockeykarrieren sin. Der har han laga eit lite museum.På døra heng skiltet ”Kokkens hockeymuseum”. På innsida av døra er rommet fylt med pokalar, medaljar, gammalt hockeyutstyr, plakatar og gamle bilete. Kvar og ein av desse gjenstandane har Kåre ei historie om.Så snart vi kjem inn på rommet løftar Kåre opp ei raud lue som kan minne om ein sixpence.

– Her er den første hjelmen min, seier han og humrar.

Han fortel om gamle dagar og om utstyret sitt.

– Til å begynne med hadde eg berre skøyte og kølle, så då måtte eg finne løysningar som var billige til resten av utstyret.

– Som keeperhanske brukte eg sveisehanskane til far min. Eg har ikkje tatt vare på dei hanskane, og det ang

NO: Slik ser hjelmen hans ut i dag.

rar eg på, seier han.

 

Det verka ikkje så viktig den gongen, og det var stas då han fekk råd å kjøpe seg skikkelege hockeyhanskar.

– Museet er mitt, og ikkje noko offentleg. Men om nokon oppsøker meg for å sjå det, så er det berre kjekt, seier Kåre. Han legg den raude lua opp på hylla igjen. Ser seg rundt i rommet, medan han nikkar gjenkjennande til alt som ligg der.

Så rister han minna av seg. Vaknar på ein måte, og ser på klokka. For sjølv om han er 73 er han ikkje heilt pensjonist, og jobbar litt framleis. Han har eit møte han skal gjennomføre, og så må han ha litt tid til trening seinare på dagen også. Han er framleis på farten, Kåre.

 

Mest lest

To Top